Uttalen frå Utanriksdepartementet i Moskva vart torsdag formidla av det russiske statlege nyheitsbyrået Tass, som blir sitert av Reuters.
Politiet på Svalbard stadfesta onsdag overfor Aftenposten at dei hadde teke arrest i det russiske skipet Professor Molchanov i hamna i Barentsburg.
Skipet vart teke i arrest etter oppmoding frå det ukrainske statseigde olje- og gasselskapet Naftogaz. Bakgrunnen var at Naftogaz i ei årrekkje har kravd erstatning frå russiske styresmakter sidan dei beslagla verdiane i selskapet på Krym-halvøya då ho vart okkupert og annektert i 2014.
Aleksej Tsjekunkov, ministeren i Russland for utvikling i Arktis og dei austlegaste russiske områda, seier Russland vil avvisa den norske avgjerda. Han kallar hendinga på Svalbard «endå eit døme på vestlege lands juridiske nihilisme og lovløyse», ifølgje nyheitsbyrået Interfax.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116110 Whz1fl9mvdo](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/WHz1fL9mvDo.jpg)


0 kommentarer