FN åtvarar: El Niño blir «veldig kraftig»

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Vêrfenomenet El Niño vil bli veldig kraftig dei neste månadene, åtvarar FNs meteorologiorganisasjon (WMO).

I ei fråsegn torsdag seier FN-organisasjonen at El Niño vil ha stor påverknad på nedbør og temperaturmønster, noko som i sin tur aukar risikoen for flaum, tørke og ekstrem hete.

El Niño er eit naturleg fenomen som oppstår med nokre års mellomrom. Utgangspunktet er uvanleg varmt vatn i Stillehavet, men konsekvensane kan spreia seg over store delar av verda.

Mellom anna pleier El Niño å gi temperaturane eit mellombels løft – noko som kjem på toppen av den globale oppvarminga.

– Vitskapen lèt etter seg ingen tvil: Planeten er i ukjent farvatn, og det farvatnet blir varmare. Havoverflata blir varmare, temperaturane held fram med å stiga, og verda er i faresona for ekstremt vêr, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei fråsegn.

(©NPK)