Mafalda Duarte meiner at mange land enno ikkje har forstått at verda står overfor fleire vippepunkt, og at når desse er nådde, finst det ingen veg tilbake.
– Det overraskar meg alltid kor mykje informasjon vi har og kor lite vi gjer, seier ho i eit intervju med nyheitsbyrået AFP onsdag, før ho legg til: – Vi kan ikkje gi opp håpet.
Den største trusselen.
Duarte leier Det grøne klimafondet, som vart etablert av FN for å hjelpe fattige land med å handtere følgjene av klimaendringane.
Bakteppet for intervjuet er flaumkatastrofen i Nepal og Tibet førre veke, der over 1200 menneske så langt er stadfesta omkomne, medan over 4000 framleis er sakna. Styrtflaumen kom svært brått og kom av etter alt å dømme at eit stort stykke av ein isbre kollapsa og fall over 5000 meter ned i eit elveleie.
Denne veka er Duarte med på eit toppmøte på Palau saman med ei rekke leiarar frå øynasjonar i Stillehavet. Dei reknar klimaendringane som den største trusselen mot landa deira. Men i resten av verda har interessa for klimaspørsmål falle.
– Blir stadig prioritert lågare.
– Vi ser at klimaendringar globalt blir stadig prioritert lågare, medan andre ting – konfliktar og kriser – tek over, seier Duarte.
– Vi ser at når det er vilje, så blir det mobilisert pengar for å handtere kriser. Av ein eller annan grunn ser vi ikkje den same typen respons når det gjeld klimaet – som om vi har råd til å vente, føyer ho til.
Fondet har investert 19 milliardar dollar – tilsvarande 177 milliardar kroner – i 134 ulike land.
USA trekte seg frå fondet i januar, og Storbritannia halverte bidraga i mai.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115925](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/qFOSlqsm6cE.jpg)



0 kommentarer