Det skriv Senterpartiets generalsekretær Ole André Myhrvold i ei fråsegn til NTB og fleire andre medium.
– Dei siste dagane har vi sett ulike forståingar og praktisering av korleis politiske parti skal kommunisere under sørgjeperioden. Senterpartiet meiner at vi kjem langt med å bruke sunn fornuft i mediefråsegner og debattar, og at det ikkje tener noko formål at store delar av det offentlege ordskiftet skal regulerast og delvis stanse under sørgjeperioden, skriv Myhrvold.
Møteinvitasjonen kjem etter ulik praksis og påståtte brot på borgfreden, mellom anna at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum uttalte seg om EU-avstemminga på Island og at landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) var med på eit arrangement dagen etter døden til kongen.
– Vi har derfor invitert dei andre partia til eit møte om dette i morgon tidleg, skriv Myhrvold.
– Ikkje nødvendig.
Miljøpartiet Dei Grøne og Framstegspartiet ser ingen grunn til å stille på møtet om borgfreden på Stortinget i morgon, skriv NRK.
– Det er ikkje mange dagane sidan partia vart samde om felles retningslinjer. Dei fleste parti har allereie avklart at dei meiner at gjeldande reglar er fornuftige, så mi vurdering er at eit slikt møte ikkje er nødvendig, seier MDGs partisekretær Kristin Antun.
– Vi held oss til den forståinga som vart lagd til grunn i tilknyting til Stortinget og stortingsgruppene førre veke. Vi ser ikkje behov for fleire avklaringar no, berre i praksis fire arbeidsdagar frå gravferda, seier Frps generalsekretær Helge Fossum.
Høgres generalsekretær Tom Erlend Skaug var blant dei som reagerte sterkt på Vedums Island-utspel. Også utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) og Venstre-leiar Guri Melby kommenterte Island og Vedums utspel i helga.
– Det toler demokratiet vårt.
Politisk redaktør i Nettavisen, Skjalg Fjellheim, stilte samtidig spørsmålet om borgfreden har gått for langt og grunngitt det med drivstoffpris-hoppet som kom tysdag.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har forsvart landesorg og borgfred for det politiske Noreg.
– Vel ei vekes pause frå skarpe debattar – det toler demokratiet vårt. Og det kjem nokre andre kvalitetar fram, som vi skal verdsetje, og som vi sikkert vil setje ord på seinare – som at vi samlar oss om eit minne, og ved talen til kongen, om kva det betyr å seie «Alt for Noreg», sa han til Dagens Næringsliv tidlegare i veka.
Då kong Harald gjekk bort fredag, erklærte Ap-regjeringa at det skulle vere landesorg i Noreg fram til gravferda 9. september. Alle partia vart same dag samde om å pause alle politiske utspel, lesarinnlegg, debattdeltaking og annan politisk kommunikasjon som ikkje blir vurdert som «strengt nødvendig».
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115757](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/t-Tv8o9hRHE.jpg)


0 kommentarer