«Guttas drøm»: Mann fekk strengare straff i lagmannsretten

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Mannen bak «Guttas drøm» er i Borgarting lagmannsrett dømd til tre år og sju månaders fengsel, der seks månader blir gjorde på vilkår.

Mannen i tjueåra vart funnen skuldig i grov utpressing og forsøk på grov utpressing mot 1200 fornærma, og dessutan grov biletdeling, skriv VG.

Han har erkjent straffskuld for å ha oppretta kanalen «Guttas drøm» og selt bileta via Discord-plattforma. Over 1800 sal av mapper med privat innhald frå 560 jenter og kvinner vart avdekte. Fleire var under 18 år.

Straffa i lagmannsretten er fire månader lenger enn i tingretten. Retten påpeikar at saka er unik og at det manglar rettspraksis frå Høgsterett på området.

Aktor Hildegunn Teigen er fornøgd med domfellinga.

– Påtalemakta vil vurdere anke vedrørande straffutmålinga, sjølv om det er positivt at straffa er skjerpa isolert for biletdelinga, seier ho til VG.

Forsvararen til mannen, Stian Mæland, opplyser at dei vil gå grundig gjennom dommen før dei tek stilling til kva dei gjer vidare.

Bistandsadvokat Randulf Schumann Hansen registrerer skjerpinga.

– Dette kan ha noko å seie for utmålinga av erstatninga til klientane mine, seier han til VG, og legg til at erstatningskrava blir behandla i ei eiga sak hausten 2027.

(©NPK)