Kong Haralds gravferd finn stad onsdag 9. september, og det er venta eit stort tal gjester frå inn- og utland. Tryggingsoppbodet blir blant noregshistorias største, ifølgje politiet.
– Det er heilt klart at det blir ein veldig stor, kanskje blant dei aller største politioperasjonane som har vore, seier innsatsleiar Tomm Berger ved Oslo politidistrikt til NTB.
Dansk politi stadfestar overfor VG at dei vil hjelpe under gravferda.
– I samband med gjennomføringa av den norske kongen Haralds gravferd fekk dansk politi ei konkret oppmoding om hjelp frå norsk politi, som dansk politi etterkjem, seier Magnus Snoer, kommunikasjonsrådgivar i politiet i Danmark, til VG.
Politiet i Sverige stadfestar overfor Dagbladet at også dei skal hjelpe under gravferda, seier pressetalsperson Rebecca Landberg.
– Vi kan stadfeste at vi vil hjelpe norsk politi ved kong Haralds gravferd, men vi ønskjer ikkje utdjupe detaljane. Det er opp til norsk politi å fortelje om tryggingsarbeidet rundt gravferda.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115760](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/jpDxuU2KRMU.jpg)


0 kommentarer