Over 300 mistar jobben i Posten Bring

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Posten Bring skal kutte kostnadene med 25 prosent. Det fører til at over 300 tilsette mistar jobben.

Kutta blei kunngjorde på eit allmøte denne veka og gjeld stabs- og støttefunksjonar fram mot 2027, skriv Fagbladet.

Bakgrunnen for kutta er krav om lågare kostnader, tøff konkurranse og krav til avkastning frå eigaren Næringsdepartementet. Konsernet skal no prioritere kjerneverksemda innan pakkar, gods og lager, og dessutan ta i bruk meir kunstig intelligens.

Fagforbundet er glad for at postdistribusjonen blir skjerma, men understrekar alvoret for dei ramma.

– Dramatikken er samtidig like stor for dei ramma, det må understrekast, og medlemmene våre skal få god støtte frå oss, seier leiar Cathrine Ertsås i Fagforbundet Post og finans til Fagbladet.

Fram mot 1. november skal det gjennomførast kartleggingsmøte og jobbast med innplassering i ny struktur og ledige stillingar. Posten Bring skal også gjennom ei større omorganisering.

(©NPK)