Då Noregs Bank i fjor kutta renta to gonger, var det basert på forventningar om at den underliggjande prisveksten gradvis skulle minka frå rundt 3 prosent.
Men slik gjekk det ikkje. Prisveksten auka ytterlegare på slutten av fjoråret og på nyåret, og arbeidsløysa minka noko. Samtidig har Iran-krigen ført til auka oljepris og fraktratar, noko som hevar inflasjonsrisikoen framover.
Ventar ny renteauke
Noregs Bank vedtok følgjeleg i mai å heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, opp til 4,25 prosent.
Etter at renta vart skjerpa, kom ein sommar med lågare inflasjonstal enn anslått i både juni (2,7 prosent) og juli (3 prosent).
Likevel er nok eit rentehopp i vente når banken tek si neste renteavgjerd 24. september, trur Nordea.
– Sjølv om uvissa rundt det underliggjande prispresset har auka med inflasjonstala som har komme i sommar, lener me oss mot at Noregs Bank hevar renta ein gong til i løpet av hausten, skriv sjeføkonom Kjetil Olsen og seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea i makrorapporten Economic Outlook.
Tok sigeren på forskot
– Sentralbanken sit med ein inflasjon som overraska litt i sommar, men han er framleis for høg, og me trur han tek seg opp litt igjen, seier Olsen til NTB.
Dei to peikar på at andre mål på underliggjande prisvekst ikkje viser teikn til å minka, men heller halda seg høgt på rundt 3,5 prosent.
Banken meiner i tillegg det er grunn til å tru at kjerneinflasjonen (KPI-JAE), som no er 2,7 prosent, vil ta seg opp igjen og halda seg rundt eller litt over 3 prosent ut året.
Sentralbanken «erfarte gjennom fjoråret at det kan vera kostnader med å ta sigeren på forskot», skriv Olsen og Midtgaard.
– Denne gongen vil dei derfor truleg ønskja å vera heilt sikre på at inflasjonen kjem ned til inflasjonsmålet før dei eventuelt byrjar å letta pengepolitikken igjen. Me ser derfor ikkje for oss rentekutt før i 2028, og då berre ned til 4 prosent, eit nivå som mest truleg ikkje er veldig langt unna eit nytt normalnivå for styringsrenta, skriv dei.
Litt auka arbeidsløyse og litt lågare vekst
Banken anslår at Fastlands-BNP vil auka med 1 prosent i 2026, ned frå ein auke på 1,7 prosent i fjor. For 2027 og 2028 er anslaga høvesvis 1,1 og 1,5 prosent.
Nordea ventar også at arbeidsløysa vil stiga noko dei neste åra, frå dagens 2,1 prosent til 2,3 prosent i slutten av 2028.
– Det kjem dels av snuoperasjonen til Noregs Bank, og dels at oljeinvesteringane er i ferd med å minka litt etter å ha stige mykje. Det gjer at vekstimpulsen blir litt mindre enn han har vore, seier Olsen.
På plussida trekkjer banken fram fleire forhold. Trass i uro globalt, har eksporten frå fastlandet stige mykje som følgje av god marknadsvekst og svak krone.
Samtidig har det vore kraftig vekst i turismen, det er framleis venta god marknadsvekst i utlandet og også vedvarande vekst i offentleg etterspurnad. I tillegg blir det rapportert i bygg- og anleggsbransjen samla sett om ein viss vekst framover, skriv Nordea.
At det i utgangspunktet er mange ledige stillingar, kan også bidra til å dempa utslaga i arbeidsmarknaden, skriv banken.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115573](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/Ehht0MLgJXs.jpg)


0 kommentarer