Posten har ikkje bestemt seg for nye kong Haakon-frimerke enno

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Det er tradisjon å trykkje opp nye frimerke med ansiktet til den nye monarken. Posten seier det ikkje er vedteke noko konkret førebels.– Det er ikkje vedteke noko om nye frimerke med den nye monarken per no, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten til NTB. – Dette er noko
(NPK-NTB): Det er tradisjon å trykkje opp nye frimerke med ansiktet til den nye monarken. Posten seier det ikkje er vedteke noko konkret førebels.

– Det er ikkje vedteke noko om nye frimerke med den nye monarken per no, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten til NTB.

– Dette er noko vi begynner å tenkje på først no, legg han til.

Både ved tronskiftet i 1957 og i 1991 blei det i etterkant av at kongen var død, starta prosessar med å byte ut dei eksisterande frimerka med nye. Då kong Harald blei konge i 1991, tok det vel eit år før det kom nye frimerke med ansiktet hans.

– Historisk sett har kongehuset vore sjølvskrivne motiv på norske frimerke. Denne tradisjonen går heilt tilbake til 1856 med motiv av kong Oscar, seier Pettersen.

– Dei kongelege frimerka har alltid vore veldig populære motiv, seier han.

Det har også vore vanleg å trykkje opp nye opplag med myntar med ansiktet til monarken. Dette vil ikkje skje med det aller første, ifølgje Noregs Bank.

– I Noreg er det låg etterspurnad etter mynt, og det er for tida ikkje behov for å produsere nye myntar. Det går derfor heller ikkje føre seg ein prosess med å utvikle eller forme ut nye myntar. Dette gjeld alle myntvalørar. Dagens myntrekke vil framleis vere gyldig betalingsmiddel i mange år framover, sa kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard til Dagbladet Børsen i helga.

(©NPK)