Minst 29 av avrettingane skal ha samband med dei omfattande demonstrasjonane som fann stad i januar, månaden før USA og Israel gjekk til angrepskrig mot landet.
Minst 16 av dei avretta er kvinner, og minst 13 blir karakteriserte som politiske fangar med band til forbodne opposisjonsgrupper.
Skapa frykt
Aktivistar skuldar Iran for å bruka dødsstraff som eit middel til å skremma befolkninga i kjølvatnet av demonstrasjonane og krigsutbrotet 28. februar.
– Alle avrettingar, uansett tiltale, har eit klart indrepolitisk mål – å skapa frykt og hindra nye demonstrasjonar, seier IHR-direktør Mahmood Amiry-Moghaddam til AFP.
– Vi er svært urolege for at denne trenden blir forverra i dei kommande månadene, seier han.
Medan krigen går sin gang, er auga i det internasjonale samfunnet vende mot gjenopninga av Hormuzsundet og sjølve konflikten, noko som gir styresmaktene større rom til å gjennomføra avrettingar av demonstrantar, politiske fangar og andre dødsdømde, seier Amiry-Moghaddam.
Aukar den politiske prisen
For kort tid sidan bad USAs president Donald Trump regimet i Iran om å stansa avrettingane, men i staden har altså talet på avrettingar auka den siste tida.
– Den mislykka islamske republikken betaler ikkje lønn til store delar av militæret sitt, men samtidig drep dei demonstrantane, sjølv om dei ikkje demonstrerer, i eit høgare tempo no, skreiv Trump på sin Truth Social-kanal tysdag.
– Det er ei humanitær krise ute av proporsjonar og må stansast no, la han til.
Amiry-Moghaddam er glad for Trumps utspel og seier at «større merksemd på avrettingane i Iran hevar den politiske prisen for den islamske republikken.»
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113402](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/KRucPKvfwaA.jpg)



0 kommentarer