Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) trekkjer særleg fram låg barnehagepris, gratis skulefritidsordning og noregspris på straum når han i dag møtte pressa og innleidde til budsjettkonferansen til regjeringa.
Noregspris blir gjenkjenneleg, seier Støre.
– Vi følgjer det opplegget som kom då noregspris blei annonsert, nemleg at vi kvart år må gjere ei vurdering av kva som er rett anslag for neste år. Og no skal vi gjere det for 2027.
– Det blir eit gjenkjenneleg opplegg, svarer Støre på spørsmål frå NTB om det blir endringar i noregspris neste år.
Støre seier budsjettet neste år må svare på tida vi lever i.
– Budsjettet vil ha som hovudoppgåve å svare på dette knytt til sikkerheit, beredskap, samfunnssikkerheit, sivil beredskap, seier Støre.
Han seier samtidig at Noreg har vekst i økonomien i motsetning til andre land i nærleiken, og viser vidare til låg arbeidsløyse og god aktivitet i norsk næringsliv, industri og samfunnsliv.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113186](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/4qAvwHCjVk4.jpg)



0 kommentarer