16-åring sikta for terrorhandling – planla angrep mot barnehage på Austlandet

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ein 16-åring er sikta for å ha lagt konkrete planar om å angripe ein barnehage på Austlandet. Han risikerer opptil 21 års fengsel.

Det skriv Aftenposten. Guten har sete i varetekt sidan midten av juni. Retten meiner det er ein reell fare for at han drep eller skader nokon om han blir sett fri.

Heime hos guten fann politiet økser og ein kniv som dei meiner at han hadde skaffa til angrepet. Han er sikta for å ha planlagt å gjere seg skuldig i ei handling som kan skape alvorleg frykt i befolkninga.

16-åringen har fortalt politiet at han planla å ta livet av seg sjølv og andre. Han hamna i søkjelyset til politiet etter at han la ut truslar på nett om at han skulle knivstikke jenter og kvinner.

(©NPK)