16-åring sikta for terrorhandling – planla angrep mot barnehage på Austlandet

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ein 16-åring er sikta for å ha lagt konkrete planar om å angripa ein barnehage på Austlandet. Han risikerer opptil 21 års fengsel.

Det skriv Aftenposten. Guten har sete i varetekt sidan midten av juni. Retten meiner det er ein reell fare for at han drep eller skader nokon om han blir sett fri, og varetektsfengslinga har derfor fleire gonger vorte forlengd.

Heime hos guten fann politiet øksar og ein kniv, som dei meiner at han hadde skaffa til angrepet. Han er sikta for å ha planlagt ei handling som kan skapa alvorleg frykt i befolkninga.

16-åringen har fortalt politiet at han planla å ta livet av seg sjølv og andre. Han hamna i søkjelyset til politiet etter at han la ut truslar på nett om at han skulle knivstikka jenter og kvinner.

Både Politiets tryggingsteneste (PST) og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen er orientert om saka.

– Eg har stor forståing for at dette kan gjera mange urolege, og eg har forsikra meg om at politiet og PST følgjer saka tett, seier ho til NTB.

Fengslingsvedtaket vart halde hemmeleg inntil publiseringsforbodet vart oppheva på krav frå Aftenposten. NTB har også sett fengslingsvedtaket.

I rettsavgjerda står det også at guten var aktiv i høgreekstremistiske miljø på nettet.

– Det viktigaste vi gjer, er å førebyggja radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er ei alvorleg form for kriminalitet, som politiet og PST har eit sentralt ansvar for å førebyggja og nedkjempa, og som blir høgt prioritert, seier Aas-Hansen.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar