Nidar flyttar godteriproduksjon ut av Noreg

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Nidar skal reindyrke fabrikken i Trondheim som sjokoladefabrikk. På sikt vil produksjon av sesongmarsipan bli flytta ut av Noreg for å auke kapasitet til vidare vekst.

– Produksjon av sesongmarsipan er planlagd flytta for å skape kapasitet til vidare vekst på Nidars største produkt, mellom anna sjokoladeplater, barar, posar, Smash og smågodt. Dette vil først skje lenger fram i tid og skal planleggjast godt. Vi forventar at det totale volumet til Nidar-fabrikken vil auke over tid, skriv kommunikasjonsdirektør Elisabeth Aandstad Ekheim i Nidar i ein e-post til NTB.

Ei ny produksjonslinje for Smash skal takast i bruk i haust. Framover får Nidar ei tydelegare rolle som sjokoladefabrikk.

Ifølgje Adresseavisen vart tilsette på fabrikken i Trondheim informert førre veke om dei kommande endringane frå Karin Svärdh, COO i Orkla Snacks, selskapet som eig Nidar. Avisa skreiv først at produksjonen av mellom anna Smørbukk, Laban, IFA og Doc blir flytta ut av Noreg, og at sjokoladane Hobby og Gullbrød kan bli tekne ut av produksjon, men dette avviser Ekheim.

– Produksjon av Laban blir ikkje flytta ut av Noreg. Det stemmer heller ikkje at det er teke ei avgjerd om at Gullbrød og Hobby blir tekne ut av produksjon.

Gullbrød har vore produsert i Trondheim sidan 1915, medan Hobby vart lansert i 1973.

Ekheim seier selskapet har investert mykje i fabrikken, og at det samla produksjonsvolumet er venta å auke over tid.

Nidar omsette i fjor for 3,1 milliardar kroner og fekk eit driftsresultat på 447,8 millionar kroner.

(©NPK)