Katz: Israel har ingen planar om å trekkja seg ut av Syria

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Forsvarsminister Israel Katz besøkte tysdag dei israelske styrkane som okkuperer det sørlege Syria, til protestar frå Damaskus.

Israel har okkupert dei syriske Golanhøgdene sidan 1967 og rykte endå lenger inn i nabolandet då president Bashar al-Assad vart styrta av opprørarar i desember 2024.

Ifølgje Katz ligg det ikkje føre nokon planar om å trekkja soldatane ut av det han omtalar som «ei tryggingssone».

– Så lenge det finst truslar, vil den israelske hæren halda fram med å vera her for å garantera tryggleiken vår, sa han under besøket tysdag.

– Openberr krenking

Dei nye makthavarane i Syria fordømmer besøket til den israelske forsvarsministeren og kallar det «ei openberr krenking av Syrias suverenitet og territorielle integritet».

Syrisk UD oppmodar vidare verdssamfunnet til å ta «dei nødvendige stega for å tvinga okkupasjonsstyresmaktene til å stansa desse gjentekne krenkingane».

Fjerna frå terrorliste

USA fjerna måndag Syria frå lista over land som sponsar terrorisme og opna dermed for omfattande politisk og økonomisk samarbeid.

Utanriksminister Espen Barth Eide besøkte same dagen Damaskus og møtte den fungerande presidenten i Syria, den tidlegare opprørsleiaren Ahmed al-Sharaa.

Eide rosa den syriske leiinga for å gjera framgang «i arbeidet med å byggja eit nytt, inkluderande Syria».

– Noreg er stolt av å støtta opp om dette, skreiv Eide på meldingstenesta X etter besøket.

(©NPK)