– Vi ser at folk sitt privatliv og personvern blir sett under press av ny teknologi, eg vil derfor regulere smartbriller og liknande einingar strengare enn i dag, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) i ei pressemelding.
Tung fortel også at ho vil setje ned ei ekspertgruppe som skal gi råd til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om regulering av ny og kraftig teknologi, som smartbriller.
– Det er ein klar trend at kunstig intelligens blir kombinert med kamera og mikrofon som blir bygd inn i ting som briller, øyreproppar, caps og ting vi menneske bruker til dagleg. Då må vi unngå at utstyret blir brukt til å overvake andre i det offentlege rommet, seier ministeren.
Ekspertgruppa skal finne alternativ og forslag til reguleringar av smartbriller og andre einingar som no kjem med kamera. Regjeringa vil deretter greie ut og sende på høyring eventuelle forslag til nye reguleringar.
Tung oppmodar leiarar i offentleg og privat sektor til å vurdere om det skal vere lov eller ikkje å bruke smartbriller i lokala deira og på arbeidsplassen deira.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112451](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/qy6zh1Vls8w.jpg)



0 kommentarer