Utanriksministeren på Island vil forhandle om fisk først

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dersom islendingane seier ja til EU-forhandlingar om medlemskap, står fiskeri øvst på lista til utanriksministeren.

– Eg vil starte med desse kapitla. Det står mykje på spel, seier utanriksminister Thorgerdur Katrin Gunnarsdottir til den islandske kringkastaren RUV.

– Det er viktig å starte med dei mest vanskelege tinga først, seier ho.

Island krev mellom anna full kontroll over kvotar og kvotetildeling og framleis restriksjonar på utanlandsk eigarskap.

– Vi bør straks få greie på kor langt EU er villig til å gå, seier Gunnarsdóttir.

Forhandlingane er nemleg avhengige av at ein greier å komme til ein akseptabel avtale om fisk. Skjer ikkje det, er Island klar til å droppe vidare forhandlingar, fastslår Gunnarsdóttir.

Samtidig understrekar ho at det er andre tider og at EU har endra seg fundamentalt sidan Island første gong søkte om medlemskap i 2009.

Mellom anna har britane forlate EU. For 40 år sidan utkjempa Island fleire torskekrigar mot nettopp Storbritannia.

– Det gjer posisjonen vår langt sterkare. I lys av samtalane mine med både kollegaer og kommisjonen er eg optimistisk, seier Gunnarsdóttir.

(©NPK)