Jonas Sjöstedt og Hanna Gedin, som tilhøyrer det svenske Vänsterpartiet, skulle etter planen besøkja den okkuperte Vestbreidda.
Det israelske utanriksdepartementet stadfestar at dei to EU-parlamentarikarane vart nekta innreise og grunngir dette med at dei «konsekvent har handla mot Israel», mellom anna ved å krevja internasjonale rettslege steg mot landet.
– Ved fleire høve har dei spreidd falske skuldingar mot Israel, mellom anna påstandar om folkemord, medviten utsvelting og målretta angrep på barn og helsepersonell, heiter det i ei fråsegn frå departementet.
FNs uavhengige granskingskommisjon for Palestina konkluderte i juni med at Israel hadde gjennomført målretta angrep mot palestinske barn på Gazastripa.
I september i fjor konkluderte FN-granskarane med at Israel har gjort seg skuldig i folkemord i Gaza, og Den internasjonale domstolen (ICJ) har opna sak for å avklara om landet har brote FNs folkemordkonvensjon.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112136](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/PUXMNVWHUkM.jpg)



0 kommentarer