(NPK-NTB-DPA): Over 200.000 husstandar i Latvia og Litauen var måndag framleis utan straum etter den kraftige sommarstormen i helga.
I Litauen var over 120.000 husstandar straumlause måndag, og i nabolandet Latvia var over 87.000 husstandar utan straum.
To personar omkom då kraftige vindkast på opptil 30 meter i sekundet feia over regionen laurdag. Mange tre velta, noko som resulterte i store skadar på straumnettet.
Sommarstormen, som blir karakterisert som ein av dei kraftigaste i nyare tid, resulterte også i overfløymingar mange stader. Det førte til stengde vegar og forseinkingar i tog-, fly- og båttrafikken.
Ifølgje meteorologane fekk somme område i løpet av eit halvt døgn like mykje nedbør som dei vanlegvis får i løpet av heile august månad.
Oppryddinga etter stormen vil ifølgje styresmaktene ta lang tid.
(©NPK)




0 kommentarer