– Andelen frå den offentlege støtta har aldri vore lågare. Samanlikna med tidlegare valår har andelen falle frå 70 prosent i 2009 til rundt 60 prosent i 2025, seier Terje Risberg, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå (SSB).
I fjor var dei samla inntektene til dei politiske partia 1046 millionar kroner. Av dette utgjorde direkte offentleg støtte frå stat, fylke og kommune 60,6 prosent, 635 millionar kroner.
Bidrag frå privatpersonar utgjorde i 2025 nær 51 millionar kroner, medan kommersielle føretak donerte nesten 59 millionar kroner.
Organisasjonar i arbeidslivet gav nesten 66 millionar kroner, og andre organisasjonar overførte over 37,5 millionar kroner.
For alle desse givargruppene var tala i 2025 dei høgaste på 20 år.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111941](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/abApPh6OwvA.jpg)



0 kommentarer