Norske bedrifter fekk straumstøtte for hushald utan å vita det

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Ein enkelt kode hjå nettselskapet avgjer om eit målepunkt skal få straumstøtte. Det har ført til at ei rekkje aksjeselskap har fått støtte reservert for hushald, skriv EnergiWatch.

72 744 bedrifter fekk straumstøtte eller noregspris i fjor. Bedriftene delte 540 millionar kroner mellom seg.

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) bad dei seks største nettselskapa senda datasett over aksjeselskap (AS) som har fått straumstøtte eller noregspris i løpet av 2025, innan 30. januar i år.

Telenor-konsernet fekk i 2025 rundt 137 000 kroner gjennom straumstøtteordninga for hushald, viser opplysningane frå RME.

Telenor opplyser at selskapet ikkje var klar over utbetalingane før EnergiWatch gjorde dei merksame på saka. Forklaringa skal vera feilregistreringar av forbrukskodar på enkelte småanlegg.

– Ein liten brøkdel av småanlegga våre står på privatadresser, til dømes i hagen til folk, og dermed kan målaren ha vorte registrert med feilforbrukskode, skriv Telenors pressekontakt Tobias Gausemel Backe til EnergiWatch.

Skanska var heller ikkje klar over situasjonen.

– Når me ser på fakturaene, så dreier det seg samla om eit par tusen fakturaer, som i snitt har fått straumstøtte på om lag 50 kroner. Det er nok årsaka til at me ikkje har sett dette tidlegare, seier konserndirektør for kommunikasjon i Skanska, Audun Brandt Lågøyr.

Skanska vil no ta kontakt med straumselskapa for å betala tilbake det som feilaktig er utbetalt som straumstøtte.

Dei aller fleste selskapa EnergiWatch har vore i kontakt med, har ikkje vore klare over at dei har fått straumstøtte.

(©NPK)