Det melder helsedepartementet i landet onsdag.
Sidan midten av juni har det vore hetebølgje i 52 dagar i Frankrike, viser nyheitsbyrået AFPs analyse av meteorologiske data.
Ei to veker lang hetebølgje i juni vart raskt følgt opp av 16 dagar i juli og ei 22 dagars hetebølgje frå slutten av juli. Sistnemnde går framleis føre seg.
Sidan den første hetebølgja byrja 17. juni, har det berre vore to korte pauseperiodar på tre og åtte dagar. Store delar av landet er dårleg rusta til å handtere ekstremvarme, og aircondition er lite utbreidd.
I perioden frå 2. til 22. juli registrerte folkehelsestyresmakta Santé Publique France 1243 fleire dødsfall enn normalt.
Dette kjem i tillegg til 5764 tilfelle av overdødelegheit registrert frå 17. til 30. juni, og dessutan 300 under den første hetebølgja i slutten av mai. Tala er førebelse.
Nesten tre firedelar av dei ekstra dødsfalla gjeld personar over 75 år, men dei rammar alle aldersgrupper frå 45 år og oppover, ifølgje helsedepartementet.
Dødsfalla kjem av ulike årsaker og kan førebels ikkje definitivt knytast til varmen, opplyser styresmakta. Endelege tal er venta å liggje føre til hausten.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110588](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/jWSRF-pf-EA.jpg)


0 kommentarer