Moderna melder om gode resultat i kreftvaksinestudie

av | 19. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters-TT): Legemiddelselskapet Moderna og samarbeidspartnaren Merck melder at ein mogleg mRNA-vaksine mot vondarta føflekkreft har hatt gode resultat i ein studie.

Dei førebelse resultata av studien viser at ein personleg tilpassa mRNA-vaksine med immunterapilegemiddelet Keytruda bidreg til å redusere vondarta melanom – òg kjent som føflekkreft – meir enn bruk av Keytruda åleine.

Forsøka med behandlinga, som har fått namnet Intismeran, viser førebels at ho oppnår både hovudformålet med å redusere tilbakefall og det sekundære formålet med å redusere spreiing. Moderna står for mRNA-vaksinedelen av behandlinga, Merck for Keytruda. mRNA-vaksinen skal basere seg på ein analyse av mutasjonane i kreftsvulstane til pasienten.

1137 høgrisikopasientar i ulike stadium av føflekkreft og svulstar som er opererte ut, har delteke i studien. Melanom er den mest alvorlege forma for føflekkreft, og det var 3097 nye tilfelle av sjukdommen i Noreg i 2025, skriv Folkehelseinstituttet.

Moderna-aksjen skaut til vêrs på amerikanske børsar onsdag morgon lokal tid, med nær dobla kurs i forhandelen.

(©NPK)