Medan Sør- og Austlandet har hatt fin seinsommar, blir det no ei betring i vest og nord òg.
– Etter å ha hatt ein kjølig sommar, får Nord-Noreg ganske gode temperaturar no i slutten av veka. Temperaturane kjem nok litt over 15 grader for dei fleste og heilt opp mot 20 grader dei varmaste stadene torsdag og fredag, seier Borlander frå Meteorologisk institutt.
– Lev i nuet
Både i Nordland, Troms og aust i Finnmark kan det bli rundt 20 grader, og det kan bli fine nordiske sommardagar før temperaturen søkk litt igjen til helga.
– Ein må leve i nuet og bruke høva til å nyte dagane medan ein har dei, understrekar ho.
Borlander kan ikkje love at det blir heilt tørt – men det blir heller ikkje så heilgale når det gjeld nedbør. Det blir enkelte byer i dagane som kjem, elles ganske tørt og sol her og der.
Vindforholda er rolege, så kjem det ei bye held det med ein paraply, ein treng ikkje kle seg i regntøy og sørvest, meiner Borlander.
Sør-Noreg
Også for Sør-Noreg er det litt smårotete vêrbilete, med små lågtrykk som kjem og gjer dagane litt uføreseielege.
– I sommar har det vore lågtrykk frå vest som har dominert, no kjem dei bakvegen frå svensk side. Det medfører ein del uvisse knytt til kor vått det blir. Torsdag blir nok våtast i Trøndelag, medan Vestlandet – særleg Møre og Romsdal – kan få ganske kraftige regnbyer fredag, og desse kan bli litt stilleståande. Men det er usikkert kvar byene endar opp, understrekar meteorologen.
Laurdag og søndag kan det bli tørrare, sjølv om ein ikkje kan vere sikker på at det ikkje kjem enkelte byer.
Temperaturane i Trøndelag og Vestlandet blir prega av regnbyene, men før regnet kjem kan det bli rundt 20 grader. Fredag, laurdag og søndag kan ein vente seg temperaturar mellom 15-17 gradar, seier Borlander.
Seinsommardagar
– Sør- og Austlandet, som vann sommarvêret i år, ligg an til å komme best ut også i dagane som kjem. Torsdagen stikk seg ut som varmaste dag og søndagen ser også veldig fin ut!
Borlander meiner det blir eit ganske greitt seinsommarvêr, avbrote av nokre til dels kraftige ettermiddagsbyer framover og gjennom helga.
– Det er litt usikkert kvar regnskurene kjem, og kor kraftige dei blir. Det er vanskeleg å seie på førehand. Så her gjeld det å følgje med på 90-minutts nedbørskartet på Yr. Då kan ein sjå om ein kan satse på å ete middagen utandørs, eller om det er best å halde seg innandørs, er rådet frå Borlander.
Framleis skogbrannfare
– Det aller lengste strået når det gjeld sommarvêr trekkjer nok Sørlandet, trur meteorologen, som kjem med ei lita åtvaring til slutt:
– Sjølv om det kjem regnbyer her og der, betyr det ikkje at skogbrannfaren er over. Den lokale skogbrannfaren i delar av Agder og Austlandet sør for Mjøsa vil halde fram. Det kjem ikkje nok regn, og byene vil vere spreidde.
– Det kan også bli litt lyn og tore, så her kan ein også gjerne følgje med på Yrs lynkart, tilrår Borlander.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110474](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/gDR4_S6DSIw.jpg)



0 kommentarer