Det skriv Verdsnaturfondet (WWF) i ei pressemelding.
Nedgangen kan koplast til hetebølgjene i år, meiner førsteamanuensis Sophie Lund Rasmussen, som forskar på piggsvin ved Statens naturhistoriske museum i København og ved Oxford-universitetet. Ho peikar også på at det er uvanleg at over 100 personar i piggsvinstellinga i år har lagt til ein kommentar om at piggsvina har forsvunne frå hagane deira denne sommaren.
– Det er i år betydeleg fleire som rapporterer at dei ikkje har sett piggsvin. Samtidig har vi fått hundrevis av kommentarar frå danskar om at dei piggsvina som elles var i hagen i juni og byrjinga av juli, har forsvunne, seier ho.
– Det kan komme av at piggsvina har vore hardt ramma av den rekordvarme og tørre sommaren her heime, og at dei har døydd på grunn av mangel på vatn og mat. Vi har sett liknande i Sør-Europa, der det er opptak av piggsvin som fell døde om i hetebølgja, seier ho.
Vil ein hjelpe piggsvina med å overleve, kan ein setje ei skål med vatn i hagen, seier ho.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109970](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/NCMDHY6K7YI.jpg)



0 kommentarer