– Vi melder fortløpande. Eg har oversendt ei rekkje ytringar til PST for vurdering og melding. Den siste vart send i dag, fortel AUFs generalsekretær Jan Halvor Vaag Endrerud, til Vårt Land.
Det skjer etter at Skjervø under Arendalsveka kalla det ein skandale at Document er medlem av Norsk Redaktørforening og får pressestøtte.
Han tok også til orde for at norske medium burde stengje kommentarfelta på Facebook. Han meiner dei blir prega av hets og «ytre høgre-kampanjar».
Ifølgje Endrerud får Skjervø meldingar om alt frå «grove personangrep til valdoppfordringar og kommentarar med referansar til våpen, 22. juli og drap». Hetsen rammar også kona til Skjervø, Ap-politikar Hoda Imad, og barna deira.
– Vi har oversendt ein kommentar om bustaden til familien til PST for vurdering, opplyser Endrerud, som presiserer at det ikkje dreier seg om ein konkret trussel.
Også statsminister Jonas Gahr Støre har bede PST om å følgje med på hetsen Skjervø har fått.
– Han får drapstruslar som er av ein art vi ikkje har sett i Noreg nokon gong. Eg blir forbanna og opprørt når eg høyrer det, sa han til Adresseavisen i starten av månaden.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109956](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/XIIZZQYs9U8.jpg)



0 kommentarer