– Fram til no har dette vore ei rein miljøsak. Men no har dette vorte ei sak om folks tillit til den norske rettsstaten, og etter kvart til det norske demokratiet, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken til Altinget.
Han reagerer på at regjeringa sende ein søknad om mellombels utsleppsløyve frå gruveselskapet Nordic Mining på høyring midt i fellesferien. Tidsfristen på fire veker førte til sterke reaksjonar, både i fagmiljø og politisk.
MDG og Raudt opplyser overfor Altinget at dei støttar SVs initiativ. Haltbrekken er redd for at saka kan bli ei ny Fosen-sak om det ikkje blir teke grep.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) avviser kritikken og viser til at departementet er i gang med å følgje opp saka.
– Dommen slår fast at grunngivinga staten gav for løyvet i 2016 ikkje står seg. Den seier likevel ikkje noko om konsekvensane av denne ugyldigheita og pålegg heller ikkje omgåande stans.
Førdefjord-saka gjeld den mangeårige kampen til miljørørsla mot at Nordic Mining får tømme gruveavfall i fjorden på Vestlandet. Staten har meint at sjødeponi var forsvarleg, men tapte saka i Høgsterett i juni etter at miljøorganisasjonane saksøkte staten.
Regjeringa skal no gjere ei ny vurdering av løyva, medan selskapet har søkt om eit mellombels utsleppsløyve.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109903](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/Wq-O88dL3dQ.jpg)



0 kommentarer