Politiet sende ut færre personar i første halvår

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Politiet gjennomførte 1076 uttransporteringar dei seks første månadene i år, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Sjølv om vi ser ein viss nedgang i talet på uttransporteringar så langt i år, held vi oppe eit stabilt og målretta trykk i returarbeidet. Det gir føreseielegheit og er viktig for tilliten til utlendingsforvaltninga og ei lovleg og regulert innvandring, seier fungerande sjef Eli Fryjordet i Politiets utlendingseining (PU) i ei fråsegn til NTB.

Ukraina og Romania er dei største nasjonalitetsgruppene blant dei uttransporterte, med 9 prosent kvar.

Så langt i år har politiet sendt ut 423 personar med éin eller fleire straffereaksjonar, mot 371 i same periode i fjor.

– Vi prioriterer retur av personar som har fått straffereaksjonar. Det er eit av dei mest treffsikre tiltaka vi har for å førebyggje kriminalitet, seier Fryjordet.

(©NPK)