Oljeindustrien seier han ikkje når klimamål – SV reagerer

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): SV meiner oljeselskapa droppar å følgje opp klimakrav dei fekk av Stortinget etter at dei fekk politikarane med på store skattelettar under koronapandemien.

Kravet frå Stortinget om 50 prosent kutt i CO2-utsleppa i oljebransjen innan 2030 vil ikkje bli nådde, viser olje- og gassnæringa sine eigne anslag som vart publiserte torsdag.

Det er særleg kraft frå land som har bidrege til å senke CO2-utsleppa på sokkelen. Men på grunn av høge kostnader og uvisse om politisk vilje til fleire slike prosjekt, er desse planane skrinlagde.

– Heilt utruleg

Nestleiar i SV, Lars Haltbrekken, reagerer kraftig på at miljøtiltaka er lagde i skuffa.

– Det er heilt utruleg at oljeselskapa, etter å ha skrike seg til store skattelettar, droppar klimakravet Stortinget vedtok for at dei skulle få desse kutta, seier han til NTB.

Han meiner den manglande viljen til å etterleve vedtaket frå Stortinget må følgjast opp med tydelege krav.

– Dette viser at det må innførast krav og pålegg. SV meiner dei må påleggjast å kutte utsleppa med havvind eller gasskraft med CCS (karbonfangst og -lagring), seier Haltbrekken vidare.

Når 40 prosents reduksjon

– Olje- og gassnæringa ligg an til å redusere utsleppa med over 40 prosent i 2030, skreiv bransjeorganisasjonen Offshore Norge i ei pressemelding torsdag.

Dette betyr at målet om 50 prosents reduksjon, som Stortinget påla oljebransjen i 2020, ikkje blir nådd. I statusrapporten i år skriv samarbeidsorganet til næringa Konkraft at målet kan nåast i 2035.

– Dersom alle identifiserte og planlagde tiltak blir gjennomførte, blir utsleppa anslått å kunne reduserast med 42 prosent innan 2030 og 51 prosent innan 2035, heiter det i rapporten.

Går for langsamt

Dette er i tråd med kva bransjen sjølv anslo som realistiske mål i sin eigen klimastrategi frå 2020.

Det står vidare at utsleppa kan reduserast med om lag 60 prosent innan 2040 og 87 prosent innan 2050 samanlikna med 2005.

– Utviklinga i Noreg går langsamare enn planlagt og blir prega av kostnadsaukar og politisk uvisse rundt heilt sentrale rammevilkår, skriv Konkraft i analysen i år.

Oljeskattepakken

Kravet frå Stortinget om kutt i CO2-utsleppa vart sett som motyting for dei gunstige skatte- og avskrivingsreglane bransjen vart tilboden for å halde oppe investeringane og aktiviteten gjennom pandemien.

Ein analyse frå 2024 anslo at staten tapte om lag 68 milliardar kroner i skatteinntekter på oljeskattepakken, som ordninga vart heitande.

I ettertid har sentrale politikarar beklaga heile ordninga.

– Dette må vi ta på kappen for at norsk politikk gjorde ein feil. Norsk politikk stimulerte for hardt på det tidspunktet fordi ein var redd for å sjå eit heilt anna bilete, sa tidlegare statsminister Erna Solberg (H) om ordninga i 2022.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har likevel forsvart skattelettane selskapa fekk.

Seinast i fjor uttalte Støre at han står ved vedtaket frå 2020, og at han meinte det var rett sett i lys av korleis situasjonen var for norske verft, arbeidsplassar og industri langs kysten.

(©NPK)