– Olje- og gassnæringa ligg an til å redusere utsleppa med over 40 prosent i 2030, skriv bransjeorganisasjonen Offshore Norge i ei pressemelding torsdag.
Dette betyr at målet om 50 prosents reduksjon, som Stortinget påla oljebransjen i 2020, ikkje blir nådd. I statusrapporten i år skriv samarbeidsorganet til næringa, Konkraft, at målet kan nåast i 2035.
– Dersom alle identifiserte og planlagde tiltak blir gjennomførte, blir utsleppa anslått å kunne reduserast med 42 prosent innan 2030 og 51 prosent innan 2035, heiter det i rapporten.
Går for langsamt
Dette er i tråd med kva bransjen sjølv anslo som realistiske mål i sin eigen klimastrategi frå 2020.
Det står vidare at utsleppa kan reduserast med om lag 60 prosent innan 2040 og 87 prosent innan 2050 samanlikna med 2005.
– Utviklinga i Noreg går langsamare enn planlagt og blir prega av kostnadsaukar og politisk uvisse rundt heilt sentrale rammevilkår, skriv Konkraft i analysen i år.
Oljeskattepakken
Kravet frå Stortinget om kutt i CO2-utsleppa vart sett som motyting for dei gunstige skatte- og avskrivingsreglane bransjen vart tilboden for å halde oppe investeringane og aktiviteten gjennom pandemien.
Ein analyse frå 2024 anslo at staten tapte om lag 68 milliardar kroner i skatteinntekter på oljeskattepakken, som ordninga vart heitande.
I ettertid har sentrale politikarar beklaga heile ordninga.
– Dette må vi ta på kappa for at norsk politikk gjorde ein feil. Norsk politikk stimulerte for hardt på det tidspunktet fordi ein var redd for å sjå eit heilt anna bilete, sa tidlegare statsminister Solberg om ordninga i 2022.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108873](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/rz8Uo_Q7YH4.jpg)



0 kommentarer