Aldri før hadde det vore ein situasjon der tre kvinner så tett og tydeleg konkurrerte om å styre landet, ifølgje grunngivinga i fjor. Det markerte Tonje Brennas tredje topplassering på rad.
I kåringa i år tronar Frp-leiar Sylvi Listhaug åleine på toppen, medan Brenna har rykt ned til andreplass.
– Listhaug har klart noko ganske unikt: Ho har vorte Noregs mektigaste kvinne utan å sitje i regjering – heile tre år før ho kan få høve til å bli statsminister. Når Frp på fleire målingar over tid har hatt opp mot kvar tredje veljar i ryggen, seier det mykje om kva for ein enorm maktposisjon Listhaug har opparbeidd seg, seier redaktør Vibeke Holth i Kapital i ei pressemelding.
Listetoppen sjølv hadde dette å seie om utmerkinga:
– Det viktigaste for meg er ikkje sånne kåringar, men at eg skal gjere ein best mogleg jobb for å få gjennom Framstegspartiets politikk. Det er viktig å vere ein premissleverandør for debatten i Noreg, og eg føler at vi har greidd det, seier Listhaug til NTB.
Ingen annan kvinneleg politikar har større oppslutning og set eit tydelegare preg på den offentlege debatten, meiner juryen.
Sju av dei ti øvste på lista i år er politikarar. Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) er på tredjeplass, medan sentralbanksjef Ida Wolden Bache og justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) er nummer fire og fem.
DNB-sjef Kjerstin Braathen er den einaste næringslivsleiaren blant dei ti øvste og er rangert som Noregs niande mektigaste kvinne.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108769](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/dufP9mPfY-E.jpg)



0 kommentarer