Aldri tidlegare har ebolasmitten spreidd seg så raskt som under epidemien som herjar no.
Data som vart publiserte natt til tysdag, viser at 4381 menneske er stadfesta smitta, og av desse har 2011 døydd av sjukdommen. I alt 704 pasientar er under behandling og isolerte på klinikkar.
Ebola-utbrotet vart erklært i midten av mai, men ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) starta det truleg allereie i februar. Smitten spreier seg i eit område som i fleire år har vore prega av brutal krig og mange fordrivne. Virusvarianten – bundibugyo – er meir sjeldan enn varianten som tidlegare har ført til store epidemiar i mellom anna Vest-Afrika. Det finst verken godkjende vaksinar eller behandlingar mot denne varianten.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107992](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/DDNB2JRAlJM-1.jpg)



0 kommentarer