Undersøkinga er utført av Verian på vegner av TV 2. Av dei spurde som har ei meining om saka, seier 65,9 prosent nei til å søkje medlemskap i EU.
– Dette stadfestar biletet av at neisida har solid fotfeste i Noreg, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.
Sp-politikaren meiner dei norske prestasjonane under fotball-VM-et i sommar har auka nasjonalkjensla og gjort nordmenn meir motstandsdyktige mot EU-medlemskap.
– På same måte som Tidemand og Gudes brudeferd i Hardanger var ein del av nasjonsbygginga vår, så vil fotball-VM vere ein av tinga vi har med i sekken når vi byggjer nasjonal identitet, seier Pollestad.
Aller mest EU-vennlege i TV 2-målinga er MDG-veljarar med ein ja-andel på 81 prosent. Senterparti-veljarar er mest negativ med heile 94,9 prosent.
Undersøkinga er basert på 988 intervju utførte mellom 3. og 8. august. Feilmarginen er på +/-3,2 prosentpoeng.
Målinga kjem kort tid før Island skal stemme over om dei vil ta opp att medlemskapsforhandlingane med EU. Det skjer laurdag 29. august.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107974](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/j9OYwbkKv8Y.jpg)



0 kommentarer