Signalsystemet ERTMS har allereie ført til forseinkingar og til at prosjektet har vorte langt dyrare enn planlagt. Det er Teknisk Ukeblad som no har sett ei fersk utgreiing frå Jernbanedirektoratet, som undersøkjer om det er lønnsamt å innføre eit mellombels førarstøttesystem i ventetida.
Fleire av scenarioa i utgreiinga viser at utrullinga kan ta til 2050, og i det lengste scenarioet til 2055.
Avdelingsleiar Jan Frederik Geiner i Jernbanedirektoratet understrekar at dei ikkje har vurdert kor sannsynlege dei ulike scenarioa er.
I den opphavlege planen frå 2015 var målet ferdigstilling før 2031. Planane har vorte endra fleire gonger, og i fjor skreiv Teknisk Ukeblad at Bane Nor venta ferdigstilling først i 2040.
Bane Nor har i dag ingen klar dato for når systemet blir ferdig.
Statssekretær Cecilie Knibe Kroglund (Ap) i Samferdselsdepartementet presiserer i ein e-post at scenarioet med 2055 verken er ein prognose eller ein framdriftsplan.
Jernbanedirektoratet og Bane Nor skal no lage ein ny og samla plan for signalanlegga. Den skal leverast innan 15. mars 2027 og vil vise når det nye systemet kjem på dei ulike togstrekningane.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107971](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/oUVJUVUJ4DU.jpg)


0 kommentarer