Få unge forskarar vil tilrå andre å velje ein karriere som forskar

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Berre éin av fire unge forskarar vil tilrå andre ein forskarkarriere, viser ei ny undersøking.

I 2018 svarte 53 prosent av unge forskarar at dei vil tilrå ein forskarkarriere. I 2026 har delen falle til 27 prosent, ifølgje ei undersøking frå Akademiet for yngre forskarar (AYF) og Forskerforbundet, skriv Khrono.

Nesten 1000 forskarar under 45 år har delteke i undersøkinga.

56 prosent av dei som har svart på undersøkinga, er mellombels tilsette.

— Vi ser at det er forskarar i mellombelse stillingar som i høgast grad ikkje vil tilrå andre å bli forskarar. Det fortel oss at mellombelsordninga framleis er eit problem, seier AYF-leiar Marte Sandvik Haaland.

— Det krevst først og fremst større satsing på forsking. Fleire faste stillingar og tydelegare karrierevegar for unge forskarar, seier AYF-leiaren.

(©NPK)