Norsk Tipping har inngått forlik – gjennomfører si eiga milliontrekking for saksøkjarane

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Gruppesøksmålet mot Norsk Tipping etter feilen i Eurojackpot og Supertrekningen i Lotto endar med forlik. Saksøkjarane får delta i eigne trekkingar.

Det opplyser advokatfirmaet Sand i ei pressemelding. Dei representerer saksøkjarane.

– Norsk Tipping har erkjent feilen som har vore, og tilbydd seg å rette feilen ved å gjennomføre kompensasjonstrekkingar. Norsk Tipping vil gjennomføre fleire tilleggstrekkingar med eit samla premiebeløp på 3 millionar kroner for nasjonal tilleggstrekking i Eurojackpot og 1 million kroner for Supertrekning i Lotto, heiter det.

Ifølgje VG er 17.000 nordmenn med i gruppesøksmålet.

NTB har bede Norsk Tipping om ein kommentar.

(©NPK)