Rekordvarm juli i Spania

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Aldri tidlegare er det registrert ein så varm julimånad i Spania som i år, ifølgje det spanske meteorologiske instituttet Aemet.

Dei høge temperaturane førte til den største skogbrannen i landet i nyare tid.

Gjennomsnittstemperaturen for månaden enda på 25,7 grader, det vil seie 2,6 grader høgare enn snittet i referanseperioden frå 1991-2020. Den førre rekorden er frå juli 2022, då snittemperaturen var på 25,6 grader.

(©NPK)