Nesten 500 Boeing-fly må undersøkjast for sprekkar

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Det amerikanske luftfartstilsynet pålegg kontroll av 471 Boeing 737 Max-fly i USA etter funn av sprekkar.

Det er funne enkelte sprekkar nær ei dør på flyet si høgre side framme, skriv luftfartstilsynet (FAA) i ei fråsegn, skriv CNN og andre amerikanske medium.

Pålegget gjeld nær 500 nye Boeing-fly av typane 737 Max 8, Max 9 og Max 8-200.

Flyselskapa må undersøkje staden for sprekkar i samband med vedlikehaldsinspeksjonar, og reparere dei med ein gong.

Ordren gjeld ikkje fly utanfor USA, men flytypane blir brukte av flyselskap i heile verda.

Boeing har i fleire år hatt svake økonomiske resultat. Den prestisjetunge 737 Max-modellen har møtt fleire utfordringar, mellom anna etter ulykker.

(©NPK)