Tidlegare leiar i Unge Høgre utnemnd til fast dommar i Oslo tingrett

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Tidlegare leiar for Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy, vart fredag utnemnd til dommar ved Oslo tingrett.

Sandøy var leiar for Unge Høgre frå 2012 til 2014.

Sandøy har jobba i Oslo tingrett sidan 2024. Først som dommarfullmektig frå 2024 til 2026, deretter som konstituert tingrettsdommar frå 2026 til no.

Han har òg erfaring som advokat i Elden Advokatfirma.

(©NPK)