Nordmenn er positive til sjømat – men et mindre

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dei siste ti åra har det norske sjømatkonsumet gått ned med 13,5 prosent. Frå 2024 til 2025 fall det 2 prosent.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Noregs sjømatråd. Utrekningane er baserte på innkjøpstal frå distributørar til daglegvarekjedene og storhushalda i Noreg, og er utarbeidde av Flesland marknadsinformasjonar.

– Det er fleire årsaker til konsumnedgangen, og årsakssamanhengen er kompleks, seier Agnete Bell, som jobbar i Sjømatrådet og er manager for Noreg.

Ho peikar mellom anna på kvotenedgang for torsk, prisauke og nye mattrendar der fisk ikkje er ein naturleg ingrediens.

Likevel er nordmenns haldning til sjømat positiv, og 75 prosent svarer at dei ønskjer å ete meir fisk (Norstat, utarbeidd for Schibsted Nyhetsmedier, 2025).

I verdssamanheng er Noreg på niandeplass i sjømatkonsum, ifølgje oppdaterte tal frå FAO (FNs organisasjon for ernæring og landbruk).

Helsestyresmaktene og matbransjen samarbeider no om å fremje eit sunnare kosthald, blant anna ved å jobbe for å auke sjømatkonsumet. Eit nytt kosthaldspartnerskap skal styrkje samarbeidet mellom styresmakter, næring og daglegvarebransjen.

(©NPK)