(NPK-NTB-Reuters): Eit jordskjelv med styrke 5,8 har ramma den vestlege delen av Filippinane. Det kunne merkast i hovudstaden Manila.
Skjelvet vart registrert klokka 10.38 fredag formiddag, med episenter rundt 21 kilometer sørvest for Mamburao i provinsen Occidental Mindoro. Djupna var på 10 kilometer og styrken målt til 5,8, ifølgje Filippinanes institutt for vulkanologi og seismologi (PHIVOLCS).
I hovudstaden Manila merka folk ristingar i ein kontorbygning.
Det var likevel ikkje venta nokon øydeleggingar som følgje av skjelvet, sjølv om det kunne komme etterskjelv, ifølgje instituttet.
Det amerikanske jordskjelvsenteret USGS’ målingar viser lågare styrke. USGS har målt skjelvet til ein styrke på 5, og med ei djupn på 90 kilometer.
Jordskjelvet ramma to dagar etter at eit skjelv med styrke 6,3 skaka den sørlege delen av landet.
8. juni ramma eit kraftig jordskjelv øya Mindanao, og minst 76 menneske døydde.
Filippinane er blant dei mest jordskjelvutsette landa i verda og ligg på den seismisk aktive såkalla eldringen i Stillehavet.
(©NPK)


0 kommentarer