Retten i München fann mannen, berre omtalt som Farhad N., skuldig i to tilfelle av drap, 23 tilfelle av drapsforsøk og 22 tilfelle av lekamsskade, 19 av dei alvorlege.
Farhad N., som var 24 år gammal på tidspunktet, køyrde ein Mini Cooper inn i eit fagforeiningsopptog med 1.400 deltakarar.
Ei 37 år gammal kvinne og dotter hennar fauk ti meter gjennom lufta. Dei pådrog seg alvorlege hovudskadar og døydde nokre dagar seinare.
Eit augnevitne skildra at folk vart slyngde til høgre og venstre, som i ein bowlinghall.
Den tyske påtalemakta hevda at Farhad N. handla ut frå religiøs overtyding. Han ser ikkje ut til å ha vore del av noka organisert jihadistrørsle, men skal ha vorte radikalisert i månadene før angrepet ved å konsumere innhald frå radikale afghanske predikantar på nett.
Forsvararane hans bad om tvunge psykisk helsevern, sjølv om rettsoppnemnde sakkunnige fastslo at hans psykiske helseproblem ikkje reduserte grada av straffansvaret hans.
Farhad N. kom til Tyskland åleine i 2016 då han var 15 år. Asylsøknaden vart avslått, men han fekk seg jobb.
Angrepet skjedde berre nokre dagar før valet i februar 2025, der det høgreekstreme partiet Alternativ for Tyskland (AfD) oppnådde sitt beste valresultat med over 20 prosent.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106665](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/f5USy3hXddM.jpg)



0 kommentarer