– Vi vart samde om at vi skal ta ein ny fot i bakken i morgon, seier finanspolitisk talsperson for Ap Tuva Moflag til pressa på staden.
– Eg kjem ikkje til å seie noko konkret om kva vi diskuterer.
Temaet for møtet torsdag var drivstoffprisane etter at Senterpartiet har kravd forlenging av dei mellombelse avgiftskutta som eigentleg varer fram til 1. september.
Alle partia sa dei gjekk til møtet med ein intensjon om å finne ei felles løysing, men dei hadde ulik oppfatning om utgangspunktet.
Ap, SV og MDG meiner drivstoffprisane i sommar ikkje tilseier noko behov for forlenging av avgiftskutta. Raudt var litt meir opne for å forlengje, medan Sp ønskjer, og meiner det er behov for, forlenging av avgiftskutt både for bensin og diesel.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106636](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/JalAx1T4haU.jpg)



0 kommentarer