Fredsprisvinnaren Malala Yousafzai til Arendalsveka

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Den yngste fredsprisvinnaren i Nobel-historia, Malala Yousafzai, skal delta i ein samtale med forfattar og kommentator Ayesha Wolasmal under Arendalsveka.

– Vi har i fleire år jobba for å få Malala til Arendalsveka og er svært glade for at vi endeleg lykkast, seier leiaren for Arendalsveka hovudprogramkomité, Harald Stanghelle i ei pressemelding.

Berre 17 år gammal tok Malala i 2014 imot fredsprisen i Oslo rådhus for den modige aktivismen sin for at jenter skulle få utdanning. Eit arbeid som heldt på å kosta henne livet då ho i oktober 2012 vart skoten i ansiktet i eit målretta attentat mot henne i heimlandet Pakistan.

(©NPK)