– Oppmodinga mi er å snu alle steinar for å få ned tollsatsar til eit EU-nivå, og unngå å treffast av nye tollar i neste runde, seier internasjonal direktør Peter Tollefsen i NHO til NTB.
Onsdag ettermiddag hadde han og fleire partar i næringslivet, særleg frå oppdrettsnæringa, eit møte med regjeringa om tollsatsane.
24. juli innførte USA ein ny tilleggstoll på 12,5 prosent på norske varer som blir omfatta av USAs undersøking om tvangsarbeid. Norske varer fekk ein høgare toll enn EU-varer, som blir omfatta av satsen på 10 prosent.
Omtrent 67 prosent av Noregs eksport til USA kan rammast. Mat, drivstoff og gjødsel får fritak. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå utgjer eksporten til USA rundt 3,8 prosent av Noregs samla eksport. Av desse prosentane utgjer sjømat 22 prosent.
– Særleg kritisk
Tollefsen meiner ein bør gå til forhandlingar med amerikanske styresmakter om spesifikke næringar.
– Det vi fokuserte på, er å sjå på dei næringane som har særleg tolldifferanse, og gå inn med amerikanske styresmakter for å få til unntak der. Det gjeld særleg sjømatnæringa som får dårlegare situasjon samanlikna med konkurrentane sine.
NHO-leiaren meiner tollreglane kan ta knekken på enkelte aktørar, om dei har rigga mykje eksport til den amerikanske marknaden.
– Det dei er bekymra for, er ytterlegare toll på toppen av dei tollreglane som er innførte. Viss USAs undersøking om overkapasitet fører til meir toll, er det særleg kritisk, avsluttar han.
– Då er det game over
Sjømateksporten til USA var på 6,2 milliardar kroner i første halvår. Det dystre biletet til Tollefsen har allereie vorte sett fram av delar av oppdrettsnæringa.
– Då er det game over. Då er det game over for store delar av foredlingsindustrien langs heile norskekysten. Så enkelt er det, sa styreleiar Even Søfteland i Inka til NRKs Politisk kvarter onsdag morgon.
Bedrifta driv med tilverking av norsk laks og aure, og 70 prosent av det dei produserer, går til USA.
Ekspertar har likevel vore skeptiske til om den nye tollsatsen vil ha så stor betydning for norsk næringsliv som mange fryktar. Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i SpareBank 1 påpeikar at eksportbedrifter er vande til å takle valutasvingingar som gir langt større utslag på botnlinja.
– Dei siste åra har krona vore veldig svak og konkurranseevna til norske oppdrettarar og sjømatindustrien har vore veldig, veldig god, sa han til NTB då den nye tollsatsen vart innført.
Hardt ut mot påstand
I skrivet frå USAs handelskontor om den nye tollen står det at amerikanske styresmakter meiner Noreg ikkje har innført og handheva tilstrekkeleg importforbod mot varer produserte med tvangsarbeid.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er sterkt usamd i påstanden og meiner han er heilt urimeleg.
– Vi har sidan mars jobba for å dokumentere at det ikkje stemmer at vi ikkje nedkjempar tvangsarbeid i verdikjedene våre. Dette handlar om at Trump-administrasjonen vil ha ei grunngiving som står seg i amerikansk rett, sa han på pressetreffet onsdag etter møtet.
Eide peikar på at regjeringa vil ta opp kampen mot påstandane om tvangsarbeid.
– Dette er ukjent farvatn, og det er ein heilt ny verdssituasjon med tanke på handel som vi står overfor, og det må vi manøvrere i lag med næringslivet og partane, sa fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) på pressetreffet.
Fekk refs for somling
Høgre og Frp har kritisert regjeringa for å ha innført handelsforbodet mot tvangsarbeid for seint – berre to dagar før den nye tollen vart vedteken.
– Hadde vi hatt det på plass, så hadde ikkje USA kunna bruke den grunngivinga dei har brukt, for å gi oss ekstra toll på toppen. Det verkar som om regjeringa rett og slett ikkje har gjort jobben sin, sa finanspolitisk talsperson for Høgre Nikolai Astrup til Dagens Næringsliv i slutten av juli.
Eide avviste då kritikken og viste til at regjeringa har formidla handelsforbodet tydeleg sidan april.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106344](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/2jEjfAeP4fc.jpg)



0 kommentarer