Det er venta noko nedbør i området dei neste dagane. Dette kan minske skogbrannfaren mellombels, men vegetasjonen vil tørke opp raskt, heiter det i meldinga.
Skogbrannfaren på Austlandet, og spesielt i delar av Agder og Telemark, vil halde fram fram til det kjem større mengder nedbør, ifølgje meteorologane.
Svært store område vil bli ramma om ein skogbrann bryt ut i desse delane av landet. Det skal vere svært tørt, og vegetasjonen er lett antenneleg.
– Ikkje bruk open eld. Følg instruksjonar frå lokale styresmakter, heiter det i farevarselet.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) oppgraderte beredskapen med fem brannhelikopter førre veke. Opprustinga vil vare fram til 6. august.
Så langt i år har skogbrannhelikoptera vore i innsats mot 51 skogbrannar, inkludert storbrannen i Krokstadelva i Drammen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105818](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/lj_gX6uG-4U.jpg)



0 kommentarer