(NPK-NTB-Reuters): Tre holøver er døde av det som ein reknar med har vore heteslag i dyreparken Tama i Tokyo den siste veka, opplyser parken.
Dette er dei første løvene som døyr av heterelaterte årsaker i den 62 år lange historia til dyreparken.
Løvene var tre, elleve og 15 år gamle og var alle fødde i dyreparken. Dei viste alvorlege teikn på dehydrering og organsvikt, og dødsårsaka blir no etterforska, skriv dyrehagen i ei pressemelding denne veka.
Då temperaturen i Tokyo plutseleg gjorde eit byks og nådde nesten 39 grader i midten av juli, byrja dei fleste av dei 16 løvene å miste appetitten og bli så døsige at dei trong behandling. Nokre av dei vart betre, men andre vart alvorleg sjuke. Nokre klarte ikkje å reise seg opp, og andre mista medvitet.
– Ingen andre dyr har vist teikn på sjukdom, men dei tilsette er meir varsame med dyra no enn før, seier ein leiar i dyrehagen.
23. juli valde ein å stanse visninga av løvene for publikum ettersom tilstanden deira vart kraftig forverra. Løvene blir no dusja med vatn og får væske intravenøst.
(©NPK)




0 kommentarer