(NPK-NTB): Over 1000 norske kundar blir ramma når bilprodusenten Kia kallar tilbake 14.000 elbilar som følgje av ein feil som kan føre til batteribrann.
Tilbakekallinga gjeld første generasjon av elbilmodellen Niro, også kjend som e-Niro, produsert mellom 19. mai 2020 og 18. mars 2022.
– Tilbakekallinga gjeld cirka 540 norskselde Kia Niro og rundt 500 gråimporterte Kia Niro, seier kommunikasjonssjef Christian Lagaard i Kia Bil Norge til Elbil24.
Den nyare versjonen ved namn Niro EV er ikkje omfatta av tilbakekallinga.
Bilane blir trekte tilbake på grunn av ein batterifeil som i verste fall kan føre til overoppheting og brann når bilen blir lada eller står parkert, skriv nettstaden.
Alle kundane det gjeld, vil bli kontakta av bilprodusenten, og dei ramma vognene kan køyrast som normalt inntil vidare.
– Det er ikkje nødvendig å ta kontakt, og bilen kan brukast som normalt. Det er ikkje gitt beskjed frå produsenten om at forholdsreglar for bruk av bilen er nødvendige, seier Lagaard.
(©NPK)




0 kommentarer