Det tredje minste landet i verda endrar namn

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP): Nauru, det tredje minste landet i verda, har no bytt namn til Naoero. Føremålet er å få samsvar mellom skrivemåte og lokal uttale.

Øynasjonen i Stillehavet endrar òg landskode frå NRU til NRO. Innbyggjarane blir no kjende som dei-naoeroer i staden for nauruar.

Namnet på landet Nauru har på engelsk vorte uttalt «Now-roo», medan det nye namnet får ein uttale som på engelsk blir meir som «Now-ero».

Med endringa tek landet i realiteten sitt eige tradisjonelle namn tilbake, kjem det fram av ei fråsegn frå regjeringa. Det lokale namnet var for vanskeleg for utlendingar å uttale. Dermed enda ein med Nauru som namn på øynasjonen mest fordi det var lett å forhalde seg til, og ikkje noko ein eigentleg ønskte, har regjeringa sagt.

Landet har 12.000 innbyggjarar. Berre Tuvalu og Vatikanstaten har færre innbyggjarar.

Øystaten vart uavhengig i 1968 etter først å ha vore kolonisert av Tyskland og seinare administrert av Australia.

Andre land har gjort liknande grep tidlegare. Det afrikanske kongedømmet Eswatini heitte fram til 2018 Swaziland. Tyrkia ville ikkje lenger bli samanlikna med ein kalkun og bad i 2022 FN endre namnet frå engelske Turkey til Türkiye.

(©NPK)