14 døydde då jordskred trefte kloster i Etiopia

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP: 14 personar mista livet, sju andre er skadde, og eit ukjent tal er sakna etter at eit jordskred trefte eit kloster i Etiopia.

Fleire hundre personar var på staden for å delta i ein seremoni då jordskredet ramma klosteret Tsadaqana Debre Mitmaq St. Mary i regionen Amhara måndag morgon. Skredet vart utløyst av kraftig regnvêr.

Det melder nyheitsbyrået Associated Press (AP), med tilvising til opplysningar frå biskop Megabe Hadis Neka Tibeb Ababu.

Han seier at eit ukjent tal menneske etter alt å dømme framleis ligg under jordmassane.

– Elleve av dei døde har allereie vorte gravlagde ved klosteret, medan leivningane av dei andre har vorte sende til heimstadene deira, seier han.

Skredet skjedde nær eit fjell der enorme steinar losna og fall ned på folkemengda, noko som forverra katastrofen ytterlegare.

(©NPK)